Å skildre paintball i eitt ord: ADRENALINKICK !
Perfekt til Kick-off, Blåtur, Teambuilding, Fødselsdag, Utdrikkingslag, Skular osv. (eller berre for å ha det moro…).
Paintball er eit lagspel som passar for alle frå 15 år og oppover. Det er strategi og samarbeid som kan vere avgjerande for å gå sigrande ut av spelet.. Spelet er trygt, med svært få skadar på verdsbasis.
Paintball høver godt som kombinasjon med rafting og andre aktivitetar. Ta gjerne turen innom vår base etterpå for å grille, eller bade i våre badestampar