Du lenar deg bakover. Under deg er det ein høg, loddrett fjellvegg du skal ned. Sikra i sittesele festa til topptau er dette lett match for nokre, medan andre får høg puls berre ved tanken. Dette er ei artig oppleving for dei fleste, og mange flyttar sine grenser når dei prøver seg på dette.
Vår rappell ligg ved Bjørset ved Jølstravanet, (Mellom Ålhus og Årdal i Jølster). Flott utsikt over Jølstravatnet når du har pause.
Ved større grupper nytter vi ofte Våtedalen som høve til at fleire kan rappellere samtidig.
Minstepris er dersom dykk er mindre enn 4 personar i gruppa, og ønskjer rappell på eit tidspunkt der vi ikkje har oppsett tur frå før. Dersom det er fleire som ønskjer tur samstundes slik at ein totalt kjem over minsteantallet, gjelder ordinær pris dersom anna ikkje er avtalt.