Fotoalbum

Rafting i Jølstra

Dette er ekte RAFTING!…  Gjennom frodig og vakker natur opplever du ei frisk og utfordrande elv, med store mengder sprut, spenning og moro, og eit herleg sug i magen…

Elva har mange og lange stryk, og vi varierer naturlegvis turen etter vassføringa, dine ønskjer og erfaring.

Etter påkledning og tryggleiksopplæring på vårt raftingsenter set vi flåtane på Jølstravatnet. Nødvendige padlekommandoar blir drilla inn på dei Ca. 350 meter frå senteret til Jølstra sin elvemunning. Etter avslutta tur blir det busstransport tilbake til raftingsenteret. Unn deg ein grillmiddag og ein tur i badestampen etterpå for å gjere dagen komplett.

Praktisk informasjon

  • Vanskegrad: 3 – 4+ ,(les om gradering)
  • Aldersgrense: 15 år
  • Tidsforbruk: Ca 3 – 3,5 timar
  • Møtestad: Vår base på Vassenden, (sjå kart)
  • Møtetid: kl 10, kl 14, kl 18
  • Pris: kr 850,- pr. person
  • Minstepris: <5p kr 4.500 totalt

Minstepris er dersom dykk er mindre enn 5 personar i gruppa, og ønskjer raftingtur på eit tidspunkt der vi ikkje har oppsett tur frå før. Dersom det er fleire som ønskjer tur samstundes slik at ein totalt kjem over minsteantallet, gjelder ordinær pris dersom anna ikkje er avtalt.