Rappelleringtryggleik

Våre aktivitetar kan innebere ein risiko for deltakarane. Som eit profesjonelt aktivitetselskap er ei av våre hovudoppgåver å gjere denne risikoen så liten som mogleg.

Rappellering-tryggleik gjennom:

  • Godt vedlikehald av utstyr året rundt.
  • Alle guidar har rikeleg trening på rappellering
  • Alle guidar har kurs i fyrstehjelp.
  • Alle guidar har kurs i redning.
  • Fokus på tryggleik gjennom heile sesongen bl.a har vi regelmessige obligatoriske tryggleikstreningar

Generell-tryggleik gjennom:

  • Gode internrutinar og trening på desse
  • Alle guidar må ha godkjente kurs for å jobbe hos oss
  • Alle guidar har kurs i fyrstehjelp
  • Fokus på tryggleik gjennom heile sesongen bl.a har vi regelmessige obligatoriske tryggleikstreningar. 
  • Mellom sesongane vert rutinar gjennomgått,  evaluerte og evt. forandra. Tryggleikstreningar vert planlagt for kommande sesong.