Dette er ekspedisjon og eventyr på same tid.
Tjovura er ei gigantisk steinur i Stardalen i Jølster med kjempestore steinar, hellarar, holer og tunnelar. Guiden tar deg på ei vandring du kjem til å huske lenge. Historia om tjuvane som budde der, og som har gitt ura namn får du òg høyre.
Ein guida tur over, under og mellom dei store steinblokkene i Tjovura. Guiden kjenner ura godt, og fortel historia om Tjuvane undervegs. Du får høve til å klatre gjennom holer og tunnelar undervegs, litt etter kva ønskje deltakarane har