Fotoalbum

Lavvo-leir

For firma, skular, lag, organisasjonar, utdrikkingslag osv. (grupper rett og slett).

Vi har ein 50-manns lavvo i tillegg til ein 15-manns på vår base. Her har vi hatt private, skular og firma på overnatting, og alle har hatt eit flott opphald hos oss. Spesielt badestampane har vore mykje brukt av dei som har brukt leiren vår som base.

Leiren passar til:
Leiren høver godt som ei stemningsfull avslutning på dagen. Etter ein grillmiddag går praten lett rundt leirbålet om dagens aktivitetar.

Du kan også få laga arrangement over fleire dagar, med leiren som base for overnatting og servering av alle eller enkelte måltid. Kontakt oss for å finne eit godt forslag til ei komplett opplevingspakke.

Overnatting i lavvo:
Enten sjølvhushald, eller pakkeløysing med måltid og overnatting. Ditt mål med opphaldet og budsjettet bestemmer.

 

Praktisk informasjon