Fotoalbum

Elvebrett

Mange meiner dette er den tøffaste elvesporten, men du bestemmer sjølv kor ekstrem sporten skal bli for deg.

Elvebrett er ein meir intens måte utfordre elva på enn rafting, det er også meir opp til den enkelte å ha kontroll over elementa, sjølvsagt under kyndig rettleiing av profesjonelle instruktørar.

Du treng ingen forkunnskap. Du treng ikkje å reise ned dei største stryka for å ha det moro. Det å leike seg som ein delfin i alle bølgjene er spennande. Du får verkeleg føle dei enorme kreftene på kroppen.

Juli 2009 hadde vi besøk av ein gjeng danskar som laga denne filmen med opptak vi gjorde under elvebrett-turen. Sjå den på youtube!

http://www.youtube.com/watch?v=7YlZR8kwsFU 

Praktisk informasjon

  • Vanskegrad: Etter gruppas ønskje
  • Aldersgrense: 15 år
  • Tidsforbruk: Ca 3 timar
  • Møtestad: Vår base på Vassenden, (sjå kart)
  • Møtetid: kl 10, kl 14, kl 18
  • Pris: kr 890,- pr. person