Heilt frå starten av.......
Ein ung og livleg gjeng frå området rundt Stardalselva reiste på landsstemnet til Noreg Bygdeungdomslag på Vinstra i 1990. Ein dag greidde den eine av dei å snike seg vekk, og ut på kvelden kom han tilbake temmeleg vill i auga........... han hadde prøvd rafting....... Dermed fanst det ingen utveg for dei andre, dei måtte prøve dette....
Ein båt og ei bøtte...
Vinteren 90/91 kjøpte 16 kameratar seg ein raftingflåte, og to av dei tok guidekurs om sommaren. Iført regnjakke, redningsvest, hjelm og solide gummistøvlar vart dei første stryka i Jølster padla med ein grå "Bravo"-flåte med tett botn. Båten måtte ausast med bøtte kvar gong det kom vatn oppi den............men det var verdt slitet.....
Ein kassebil og 2 båtar til.......
Vinter/vår 92 utvida gjengen med ein 8-seters VW-buss, 2 blå sjølvlensande flåtar, våtdrakter og anna nødvendig utstyr. Dermed måtte 4 nye reise på raftingkurs i mai. No fekk dei første kundane prøve rafting i Jølster. Alt gjekk på dugnad etter arbeidstid og i helga. Ettersom ryktet om den nye aktiviteten i Jølster spreidde seg, så var det stadig fleire som ville prøve sporten.
Yellow submarine og stor buss......
I 1994 fekk selskapet endå ein ny gul båt av merket Sotar, og den gamle VW Caravellen vart skifta ut med ein Mercedes Buss. 2 nye guidar vart utdanna som guidar, ( deriblant dagleg leiar ) og guidane fekk løn for første gong.
Å vekse seg ut av....buksene.........
Mengda med gjester auka, og det tok til å bli svært mykje å gjere for guidane. Etter sesongen -96 var det usikkert om det var mogleg å fortsette på same måten som før. På vårparten -97 la Årsmøtet i det gamle selskapet ned drifta, og det var dermed på tide for dei mest interesserte å starte Jølster Rafting AS.
Jølster Rafting AS........
9. juni 1997 vart Jølster Rafting AS skipa, med 7 aksjonærar, og utstyret til det gamle selskapet vart kjøpt. På eit elveredningskurs i Sjoa kom dagleg leiar i kontakt med to dyktige guidar, og etter å ha prøvd elvene i Jølster, fann deesse guidane ut at det var ei spennande framtid for rafting her. Det vart kjøpt endå ein ny båt i -98 og nye guidar er utdanna. Selskapet har gode produkt og utviklar seg heile tida, så vi ser med spenning på framtida.....................og til å møte deg!