Gradering av elv
Gradering av ei elv er ein måte å fastslå kor vanskelege stryk du kjem borti når du padlar nedover elva. Vi bruker då ein skala frå 1 - 6 som viser vanskegraden. Vi graderer kvart stryk i elva for seg sjølv, men graden kan også variere litt frå dag til dag på grunn av endringar i vassføring.
Slik er skalaen:
- Lett
Regelmessig straum og små bølgjer. Enkle hindringar og oversiktleg løypeval.
- Nybegynnar
Enkle stryk med løyper som er enkle å sjå. Få hindringar, og dei som er finst er det lett å unngå. Liten sjanse for å dette ut av båten, og rimeleg lett å symje om du skulle gje re det.
- Middels vanskeleg
Høge, uregelmessige og brytande bølgjer. Sterk straum og enkelte valsar og virvlar. Kan krevje god kontroll over båten i enkelte passasjar, men det er ikkje så vanskeleg å unngå hindringa r. Sterke bakevjer finst gjerne. Symjing: Kan være litt krevjande, stort sett moro, og ein skader seg sjeldan. Vi hjelper deg til land eller opp i båten igjen.
- Avansert
Lange avanserte, intense stryk med kraftfulle og store bølgjer. Inneheld ofte hindringar som det er vanskeleg å unngå. Gjerne litt vanskeleg vegval og krev derfor ein dyktig guide og ein del innsats frå manns kapet. Å symje her kan vere ei intens oppleving, med ein viss fare for skade. Vi køyrer alltid slike stryk med ekstra sikringsbåt, så du vil sjeldan måtte symje langt her.
- Ekspert
Berre for ekspertar i svært god form. Lange stryk med mange og store hindringar som kan være svært vanskelege å unngå. Det kan være lange, bratte stryk der det kan være høge fall, djupe kraftige valsar, små evjer som kan være vanskelege å nå. Mange av desse faktorane er ofte kombinert. Ein symjetur er som regel farleg her, og det kan sjølv for ekspertar vere vanskeleg å r edde seg i land utan hjelp. Eit slik stryk må vurderast frå land kvar gong før ein padlar igjennom det.
- Ekstremt vanskeleg
Sjølv dei beste ekspertane unngår så vanskelege stryk. Ein symjetur er livsfarleg og blir gjerne svært lang. Det skal i tillegg til topp kunnskapar og padleevne også flaks til for å klare slike stryk. Vi padlar ikkje grad 5 og 6 med gjester.